Opplæringsforskrifta
§ 13-3 Søknad om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne
Søkjarar til vidaregåande opplæring for vaksne kan søkje fortløpande og må bruke det søknadsskjemaet som er fastsett av fylkeskommunen. Søkjarane må føre opp tre sluttkompetansar som dei ønskjer innanfor det fylkeskommunen tilbyr, i prioritert rekkjefølgje.
Søkjarane skal sende søknaden til den fylkeskommunen der dei er folkeregistrerte når dei sender søknaden. Søkjarar som kan dokumentere at dei skal flytte, sender søknaden til den fylkeskommunen dei skal flytte til.