Opplæringsforskrifta
§ 13-4 Behandling av søknader om vidaregåande opplæring for vaksne
Fylkeskommunen skal fortløpande behandle søknader om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne og gjennomføre realkompetansevurdering for vaksne. Fylkeskommunen kan ikkje ha ventelister og skal innan rimeleg tid gi søkjarane eit tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne.
Fylkeskommunen skal ta inn søkjarar i denne rekkjefølgja:
- dei som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 18-3 og § 18-6
- dei som har rett til yrkesfagleg rekvalifisering etter opplæringslova § 18-4
- dei som har rett til påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 18-7.
Dersom fylkeskommunen skal ta inn søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring, skal dei takast inn etter søkjarane i andre ledd.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 18‑3 siste ledd. Paragrafen viderefører delvis § 6‑45 fjerde ledd, § 6‑47 første og siste ledd og § 6‑49 i den tidligere forskriften.
Paragrafen innebærer at fylkeskommunen fortløpende må vurdere om søkeren har rett til videregående opplæring, og eventuelt gjennomføre en realkompetansevurdering. Fylkeskommunen bør bruke skjønn og ikke la ventetiden bli så lang at den voksnes behov kan være bortfalt eller motivasjonen redusert.