Opplæringsforskrifta
§ 13-5 Realkompetansevurdering ved inntaket til vidaregåande opplæring for vaksne
Fylkeskommunen skal sørgje for at søkjarar som har rett til realkompetansevurdering etter opplæringslova § 18-8, får vurdert og dokumentert realkompetansen sin når dei har søkt om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne.
I realkompetansevurderinga skal fylkeskommunen vurdere om den formelle, uformelle og ikkje-formelle kompetansen til søkjaren kan godkjennast som likeverdig med den kompetansen som blir oppnådd gjennom vidaregåande opplæring, jf. § 15-5. Søkjaren kan få godkjent heile eller delar av fag, modular eller skoleår.
Resultatet av realkompetansevurderinga dannar grunnlag for opplæringstilbodet og skal gå fram av avgjerda om inntak.