Opplæringsforskrifta
§ 14-2 Innhaldet i retten til meir opplæring i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Vaksne deltakarar i vidaregåande opplæring som har gjennomført opplæringa, men ikkje har fått bestått standpunktkarakter eller eksamen i eitt eller fleire fag, har rett til meir opplæring i faget. Opplæringa må vere i samsvar med læreplanen i faget.
Kandidatar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva, har rett til meir opplæring som gir grunnlag for den sluttkompetansen dei er tatt inn på. Det same gjeld kandidatar som ikkje har bestått ein nødvendig eksamen før fag- eller sveineprøva.