Opplæringsforskrifta
§ 14-4 Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne er fritatt frå skriveopplæring i skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei i tillegg til å få opplæring etter ordinær læreplan i norsk oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
- Dei får opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 19-4
- Dei får opplæring i norsk teiknspråk etter opplæringslova § 19-9
- Dei får forsterka opplæring i norsk etter opplæringslova § 19-8 andre ledd.
Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.