Opplæringsforskrifta
§ 14-7 Opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg i vidaregåande opplæring for vaksne
Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom begge desse vilkåra er oppfylte:
- Dei har eit anna morsmål enn norsk eller samisk
- Dei har eller har hatt forsterka opplæring i norsk etter opplæringslova § 19-8, jf. § 6-5.