Opplæringsforskrifta
§ 15-3 Karakterar i fag og modular
Reglane om karakterar i fag i § 9-3 gjeld for vaksne deltakarar og for karakterar i modular så langt dei passar.
Departementet kan likevel fastsetje i læreplanen i eit fag eller ein modul at uttrykka «godkjend» og «ikkje godkjend» eller «låg måloppnåing», «middels måloppnåing» og «høg måloppnåing» skal brukast. Uttrykka skal vise til desse gradane av ferdigheit hos dei vaksne deltakarane:
- godkjend: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget eller modulen
- ikkje godkjend: svært låg kompetanse i faget eller modulen
- låg måloppnåing: låg eller svært låg kompetanse i faget eller modulen
- middels måloppnåing: nokså god eller god kompetanse i faget eller modulen
- høg måloppnåing: mykje god eller framifrå kompetanse i faget eller modulen.
I realkompetansevurderinga skal ein berre bruke uttrykka «godkjend» eller «ikkje godkjend». Det gjeld både godkjenning av heile faget eller modulen og godkjenning av delar av faget eller modulen. I fag eller modular som etter tilbodsstrukturen normalt har opplæring i bedrift, skal godkjend realkompetanse reknast som tilfredsstillande eller god kompetanse. I andre fag eller modular skal godkjend realkompetanse reknast som tilsvarande karakteren 2 eller betre.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 19‑1 tredje ledd og viderefører delvis § 4‑4 i den tidligere forskriften, og er delvis ny.
Det følger av første ledd at reglene i § 9-3 gjelder så langt de passer.
Det står i andre ledd at det kan fastsettes i læreplanen at uttrykkene godkjent og ikke godkjent eller lav, middels og høy måloppnåelse skal brukes istedenfor tallkarakterer fra 1 til 6. Bruken av godkjent/ikke godkjent i dette leddet må ikke forveksles med kravet til realkompetansevurdering i tredje ledd.
Tredje ledd viser de ulike betydningene av godkjent realkompetansevurdering for fag eller moduler som etter tilbudsstrukturen normalt har opplæring i bedrift, og andre fag og moduler.