Opplæringsforskrifta
§ 15-9 Midtvegsvurdering i fag og modular
Reglane om halvårsvurdering i fag i § 9-13 gjeld for midtvegsvurdering i fag og modular for vaksne deltakarar så langt dei passar.
Den som står for hovuddelen av opplæringa, gjennomfører midtvegsvurderinga med og utan karakter for vaksne deltakarar. Dersom fleire har stått for delar av opplæringa, skal den som har stått for hovuddelen av opplæringa setje midtvegsvurdering med karakter i samråd med dei andre som har gitt opplæring.
I vidaregåande opplæring for vaksne skal det vere dialog mellom den som set karakteren og deltakaren om forventa tidspunkt for midtvegsvurdering i modular. Om opplæringsperioden er svært kort, skal det ikkje givast midtvegsvurdering midt i opplæringsperioden.
I vidaregåande opplæring for vaksne skal dei vaksne deltakarane også få midtvegsvurdering med karakter ved avslutninga av modular.