Opplæringsforskrifta
§ 15-16 Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka i
Deltakarar og tidlegare deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne og tidlegare deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylte:
- Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon
- Dei har ikkje hatt opplæring tilsvarande 8. til 10. trinn i Noreg
- Dei har i løpet av opplæringa tilsvarande 8. til 10. trinn hatt rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 19-8 første ledd, jf. § 3-6
- Dei har eller har hatt rett til forsterka opplæring i norsk etter opplæringslova § 19-8 andre ledd, jf. § 6-5 første ledd første punktum i den vidaregåande opplæringa for vaksne.
Regelen i § 9-21 andre ledd gjeld for deltakarar og tidlegare deltakarar i opplæring for vaksne.