Opplæringsforskrifta
§ 15-22 Førebuingsdel og sensur av eksamenssvar
Reglane om førebuingsdel og sensur av eksamenssvar i § 9-32 og § 9-33 gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar.
Kommunen avgjer om privatistar i førebuande opplæring for vaksne skal ha førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen, og kor lenge førebuingsdelen skal vare.