Opplæringsforskrifta
§ 15-26 Vitnemål i førebuande opplæring for vaksne
Alle deltakarar skal få vitnemål når dei har fullført førebuande opplæring for vaksne.
Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i modular. Vitnemålet skal ikkje innehalde modulkarakterar.
Krava til vitnemål er sluttvurdering i faga norsk eller norsk for språklege minoritetar, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag.
Vaksne privatistar kan berre få vitnemål dersom dei får karakteren 2 eller betre i faga dei tar som privatist.
Vaksne deltakarar som har norsk teiknspråk eller samisk som førstespråk, kan få standpunktkarakterar i førstespråket førte på vitnemålet i tillegg til eller i staden for karakterar i norsk.
Kommunen skal utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til vaksne deltakarar som har hatt opplæring i eller på samisk, og privatistar som har tatt eksamen i eller på samisk, og til dei som ber om det.
Vaksne deltakarar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få ført ein merknad om dette på vitnemålet dersom dei ønskjer det.