Opplæringsforskrifta
§ 15-29 Dokumentasjon i vidaregåande opplæring for vaksne
Reglane om vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring og særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram i § 9-46 første ledd, § 9-50 og § 9-51 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar.
For å få vitnemål gjeld dei same krava som i § 9-46 andre ledd, med unntak av opplæring i kroppsøving, jf. § 14-5. Dette gjeld likevel ikkje for
- dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 14-4
- dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 15-15 og § 15-16
- dei som fell under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 15-1, jf. § 9-48
- dei som har fått dispensasjon etter § 15-7 og § 15-25, jf. § 9-40.
Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i fag. Kompetansebeviset skal i tillegg innehalde modulkarakterar og godkjend realkompetanse i modular.
Reglane i § 9-50 gjeld for deltakarar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring for vaksne.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 19‑1 tredje ledd og viderefører §§ 4‑31 til 4‑33 i den tidligere forskriften.
Paragrafen gjelder rett til vitnemål, kompetansebevis og særskilte regler om dokumentasjon i yrkesfaglige utdanningsprogram i videregående opplæring for voksne.
Se ellers merknad til §§ 9‑46, 9‑50 og 9‑51.