Opplæringsforskrifta
§ 15-30 Føring av karakterar i fag og modular på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring for vaksne
Reglane om føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring i § 9-52 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar. Reglane gjeld også for føring av karakterar i modular på kompetansebeviset.
Godkjend realkompetanse i eit heilt fag skal også førast på vitnemålet. Godkjend realkompetanse i ein heil modul skal i tillegg førast på kompetansebeviset.
Dersom ein vaksen deltakar har fått godkjent berre delar av eit fag eller ein modul gjennom realkompetansevurderinga, skal det setjast inn ein merknad om det. Kva for kompetansemål som er nådde, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.