Opplæringsforskrifta
§ 16-3 Klage på standpunktkarakter og eksamenskarakter
Reglane i § 10-4 og § 10-5 om klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag og vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag gjeld for vaksne deltakarar så langt dei passar.
Reglane i § 10-7 og § 10-8 om klage på karakter ved skriftleg eksamen og gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg, gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar.