Opplæringsforskrifta
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) vedlegg 1 – utrekningsnøkkel for refusjon etter § 22-2 tredje ledd
Tala som er brukte i utrekningsnøkkelen, er henta frå ssb.no, KOSTRA-tabell 12399: driftsutgifter per brukar i vidaregåande utdanning, etter funksjon og art (F) 2015-2022. Nye KOSTRA-tal blir publiserte 15. juni kvart år. Vel statistikkvariabel: utgifter per brukar (kr), vel dei funksjonane som skal vere med, vel art: netto driftsutgifter eksklusive gjesteelevutgifter og -inntekter, og vel fylke og år.
Utrekningsnøkkelen forkortar «netto driftsutgifter eksklusive gjesteelevutgifter og -inntekter» til «NDUekskl.».
Utrekningsnøkkelen er slik: NDUekskl. per brukar funksjon 510 + (NDUekskl. per brukar funksjon 515 × 0,5) + (NDUekskl. per brukar funksjon 520 × 0,5) + (NDUekskl. per brukar funksjon 521).
Denne utrekningsnøkkelen gir refusjonssatsen for utdanningsprogrammet studiespesialisering. For å få refusjonssatsen for andre utdanningsprogram kan ein endre funksjon 521 i siste ledd til funksjonen for det utdanningsprogrammet ein ønskjer.
KOSTRA-tala som blir publisert 15. juni kvart år, er for tal for rekneskapsåret to år tidlegare. Satsane må derfor prisjusterast med kommunal deflator fram til året satsane skal gjelde for. Den kommunale deflatoren blir publisert i Nasjonalbudsjettet (Meld. St. 1), som leggjast fram i oktober kvart år.