Opplæringsforskrifta
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) vedlegg 2 – utrekningsnøkkel for å rekne ut satsane etter § 22-3 første ledd
Tala som er brukte i utrekningsnøkkelen, er henta frå ssb.no, KOSTRA-tabell 12235: Korrigerte brutto driftsutgifter i grunnskolesektoren, etter funksjon (K) 2015-2022, og tabell 12399: Driftsutgifter per brukar i vidaregåande utdanning, etter funksjon og art (F) 2015-2022. Nye KOSTRA-tal blir publiserte 15. juni kvart år.
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev til grunnskole, skolelokale og skyss finn ein i tabell 12235. Gjer følgjande val i tabellen: Vel statistikkvariabelen «Korrigerte brutto driftsutgifter per elev (kr)», vel det året som skal liggje til grunn for satsen, vel regionen «EAK Landet», og vel funksjonen «FGK8a Grunnskole, skolelokaler og skyss».
Korrigerte brutto driftsutgifter per elev til alle utdanningsprogram finn ein i tabell 12399. Gjer følgjande val i tabellen: Vel statistikkvariabelen «utgifter per bruker (kr)», vel det året som skal liggje til grunn for satsen, vel funksjonen «FGF7c Alle utdanningsprogram», vel arten «korrigerte brutto driftsutgifter på funksjon/tjeneste», og vel regionen «EAFK Landet».
Satsane skal reknast ut etter desse utrekningsnøklane for ein elev som
- ikkje treng individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11: (korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskole, skolelokale og skoleskyss per elev × ⅔) + (korrigerte brutto driftsutgifter per elev for alle utdanningsprogram × ⅓)
- har moderat behov for individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11: (Korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskole, skolelokale og skoleskyss per elev × ⅔) + (korrigerte brutto driftsutgifter per elev for alle utdanningsprogram × ⅓) × 2,95
- har omfattande behov for individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11: (korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskole, skolelokale og skoleskyss per elev × ⅔) + (korrigerte brutto driftsutgifter per elev for alle utdanningsprogram × ⅓) × 5,84.
KOSTRA-tala som blir publisert 15. juni kvart år, er for tal for rekneskapsåret to år tidlegare. Satsane må derfor prisjusterast med kommunal deflator fram til året satsane skal gjelde for. Den kommunale deflatoren blir publisert i Nasjonalbudsjettet (Meld. St. 1), som leggjast fram i oktober kvart år.