Opplæringsforskrifta
§ 2-2 Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn
Kommunen skal gi tolv timar gratis skolefritidsordning per veke for elevar på 1. til 3. trinn som har plass i ordninga. Kommunen kan ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.
Kravet i første ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei tolv timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Dette gjeld ikkje ved tilbod om skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen kan krevje betaling for kost.