Opplæringsforskrifta
§ 3-1 Kven som har rett til å røyste om skifte av hovudmål
Rett til å røyste om skifte av hovudmål i grunnskolen har alle som oppfyller desse tre vilkåra:
- Dei bur i det området som soknar til skolen etter opplæringslova § 2-6.
- Dei har røysterett etter valgloven § 2-2.
- Dei står innførte i folkeregisteret som busette i kommunen den 30. dagen før røystemøtet.
Røysterett har også foreldre til
- barn på 1. til 7. trinn ved skolen
- barn som er tildelte skoleplass på 1. til 7. trinn ved skolen.
Kravet om å komme med som røystefør forelder må vere levert til eller fremja for kommunen seinast tre veker etter at røystinga er kunngjort første gong.