Opplæringsforskrifta
§ 23-3 Eksamen
Første eksamen i fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 skal haldast
- våren 2021 for fag som skal avsluttast på vidaregåande trinn 1
- våren 2022 for fag som skal avsluttast på grunnskolen og på vidaregåande trinn 2
- våren 2023 for fag som skal avsluttast på vidaregåande trinn 3.
I grunnskolen skal siste eksamen i fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006 haldast hausten etter første eksamen i fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. I den vidaregåande opplæringa skal siste eksamen etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006 haldast
- hausten 2021 for vidaregåande trinn 1
- hausten 2022 for vidaregåande trinn 2
- hausten 2023 for vidaregåande trinn 3.
Siste eksamen i lærefag med opplæring i tre år og verdiskaping i eit og eit halvt år, skal haldast våren 2025. Siste eksamen i lærefag med opplæring i fire år og verdiskaping i eit år, og lærefag med opplæring i tre år og verdiskaping i to år, skal haldast hausten 2025.
Dersom opplæringa er gjennomført, kan lokalt gitt eksamen haldast hausten det same året som Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 er tatt i bruk i faget.