Opplæringsforskrifta
§ 23-5 Dokumentasjon
Eit vitnemål eller kompetansebevis etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 kan innehalde fag frå både Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 og Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006.
Utdanningsdirektoratet fastset kva for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 som kjem i staden for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006, og kva for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006 som kjem i staden for fag i Reform 94. Utdanningsdirektoratet fastset korleis faga skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.