Opplæringsforskrifta
§ 23-7 Overgangsordning for deltakarar i forsøk med førebuande vaksenopplæring og modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne
Dei som er deltakarar på modul 4 i forsøk med førebuande vaksenopplæring før 31. juli 2024, kan få opplæring og vurdering etter læreplanar brukt i forsøket til og med 31. desember 2024. Dette gjeld berre dersom kommunen har fått innvilga søknad om forlenging av forsøket. Siste frist for å avleggje eksamen etter desse læreplanane er også 31. desember 2024.
Deltakarar i forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne som har fått godkjend alle modular, men ikkje avlagt fag- eller sveineprøva eller kunnskapstest i byggfag, før 31. juli 2024, skal bli meldt til fag- eller sveineprøve etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006. Dei må likevel ikkje bestå ein skriftleg eksamen som er lagd ut frå læreplanen i lærefaget, sjølv om dei ikkje har følgt eit normalt opplæringsløp etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006.