Opplæringsforskrifta
§ 10-10 Klage på praksisbrevprøve og kompetanseprøve
Kandidatar som har fått karakteren «ikkje bestått» til praksisbrevprøva og kompetanseprøva, kan klage både på karakteren og på formelle feil ved gjennomføringa av prøva. Fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt, er klageinstans.
Fylkeskommunen skal sende klaga til fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt. Saman med klaga skal dei sende prøveoppgåva, det vurderingsgrunnlaget som er utarbeidd, prøveprotokollen, alt oppbevart prøvearbeid og ei fråsegn frå dei som stod for vurderinga, om korleis karakteren er fastsett.
Fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt, kan avvise klaga, stadfeste karakteren, justere karakteren opp eller oppheve den opphavlege karakteren og vise til ny prøve.
Ved klage på formelle feil skal fylkeskommunen sende det same som er nemnt i tredje ledd, til fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt. Fråsegna frå dei som stod for vurderinga, må innehalde informasjon om gjennomføringa av praksisbrevprøva eller kompetanseprøva.
Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande innverknad på prøveresultatet, skal den opphavlege karakteren opphevast. Klagaren har då rett til å ta ei ny prøve så snart som mogleg.
Kandidatar som får karakteren oppheva, må gå opp til prøva på nytt dersom dei vil ha utferda dokumentasjon.