Opplæringsforskrifta
§ 10-3 Rett til grunngiving for karakteren
Dei som har klagerett, kan innanfor klagefristen krevje skriftleg grunngiving for standpunktkarakterar, vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag og karakter på fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve.
Dei som har klagerett, kan innanfor klagefristen krevje munnleg grunngiving for karakterar på munnlege eksamenar og eksamenar som ikkje berre er skriftlege eller munnlege.
Grunngivinga etter første og andre ledd skal givast av ein lærar, ein av sensorane, prøvenemnda eller dei som har fastsett karakteren på praksisbrevprøva eller kompetanseprøva.
Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, har ikkje rett til å få karakteren grunngitt. Når karakteren er fastsett, har dei likevel rett til å få kopi av sine eigne eksamenssvar og eventuelle retningslinjer som er utarbeidde for sensorane.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 2‑3 andre ledd og § 5‑4 andre ledd. Paragrafen viderefører delvis §§ 5‑7 og 5‑8 i den tidligere forskriften, og er delvis ny.
Første ledd angir hvilke karakterer og avgjørelser eleven kan kreve begrunnelse for. Med «standpunktkarakter» menes både standpunktkarakter i fag og standpunktkarakter i orden og oppførsel.
Tredje ledd fastsetter hvem som skal begrunne karakteren eller avgjørelsen om å ikke sette karakter. Med «lærar» menes kontaktlæreren eller faglæreren, avhengig av hvem som har satt karakteren.