Opplæringsforskrifta
§ 10-6 Klage på standpunktkarakter i orden og i oppførsel
Elevar kan klage på standpunktkarakteren i orden og i oppførsel. Statsforvaltaren er klageinstans.
Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei fråsegn frå kontaktlæraren og rektor, ein kopi av skolereglane og ein kopi av varselet om at karakteren kan bli sett ned, jf. § 9-7 til klageinstansen.
Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller justere karakteren opp eller ned.