Opplæringsforskrifta
§ 10-7 Klage på karakter ved skriftleg eksamen
Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, kan klage på karakteren. Ei klagenemnd som er oppnemnd av statsforvaltaren, er klageinstans for klager på fastsetjing av karakter ved skriftleg eksamen.
Når det er ein elev som klagar, skal skolen sende statsforvaltaren klaga og eksamenssvaret til eleven. Når det er ein privatist eller praksiskandidat som klagar, skal fylkeskommunen sende statsforvaltaren klaga og eksamenssvaret til privatisten eller praksiskandidaten.
Klagenemnda skal ha tilgang til eksamenssvaret og skal få greie på den opphavlege karakteren, men ho skal ikkje kjenne til innhaldet i klaga. Medlemmene av klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga av eksamenssvaret til klagaren.
Klagenemnda kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller justere karakteren opp eller ned. Klagenemnda treng ikkje grunngi avgjerda si.