Opplæringsforskrifta
§ 12-10 Krav for å bli tilsett i stilling som morsmålslærar
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast som morsmålslærar, har kompetanse som nemnd i andre eller tredje ledd.
Ein morsmålslærar med eit anna morsmål enn eleven må ha bestått universitets- eller høgskoleutdanning med totalt minst 90 studiepoeng i eleven sitt språk. Læraren må også ha pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1. Læraren må ha god kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven.
Ein morsmålslærar med same morsmål som eleven må dokumentere gode norskkunnskapar. I tillegg må læraren ha bestått ei av følgjande utdanningar:
- universitets- og høgskoleutdanning som omfattar språket og kulturen til eleven i eit omfang på minst eitt og eit halvt år, og som har ei samla lengd på minst tre år, inklusive pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1
- lærarutdanning på morsmålet til eleven eller frå heimlandet til eleven
- treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar.
Ved tilsetjing av morsmålslærarar i dei nasjonale minoritetsspråka det ikkje finst studietilbod for i Noreg, kan kommunen og fylkeskommunen gjere unntak frå krava for tilsetjing.