Opplæringsforskrifta
§ 12-13 Tidlegare godkjend lærarutdanning og overgangsordningar
Dei som har lærarutdanning som kvalifiserte for tilsetjing etter tidlegare reglar, vil framleis oppfylle krava for å kunne bli tilsette i lærarstilling.
Dei som har fullført allmennlærarutdanning våren 2014 eller seinare, kan tilsetjast på same måte som dei som har fullført allmennlærarutdanning før 2014.
Ein førskolelærar som starta utdanninga si hausten 2007 eller tidlegare, kan tilsetjast på 1. trinn i grunnskolen utan å ha den vidareutdanninga som krevst etter § 12-2 første ledd.
Dei som ikkje oppfyller kravet om pedagogisk utdanning, jf. § 12-1, kan likevel tilsetjast i lærarstilling dersom dei var fast tilsette i ei lærarstilling i grunnskolen eller vidaregåande skole 1. august 2024, og kommunen eller fylkeskommunen vurderer at dei har tilsvarande pedagogisk kompetanse.
Endra ved forskrift 17 juni 2024 nr. 1048 (i kraft 1 aug 2024).