Opplæringsforskrifta
§ 12-2 Krav for å bli tilsett i lærarstilling på 1. til 4. trinn
Kommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling på 1. til 4. trinn, oppfyller eitt av desse krava:
- Dei har grunnskolelærarutdanning for 1. til 7. trinn.
- Dei har barnehagelærarutdanning og minst 60 studiepoeng vidareutdanning retta mot undervisning på 1. til 4. trinn.
- Dei har faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag, eller tilsvarande fagleg kompetanse. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
- Dei har treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
- Dei har barnehagelærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.