Opplæringsforskrifta
§ 12-7 Krav for å bli tilsett i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa oppfyller eitt av desse krava:
- Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
- Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
- Dei har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.