Opplæringsforskrifta
§ 12-8 Krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, oppfyller eitt av desse krava:
- Dei har yrkesfaglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
- Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
- Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
- Dei har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må dei ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetjing i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
- Dei har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, jf. forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13 § 5, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 17‑3 og viderefører § 14‑4 andre ledd i den tidligere forskriften.
Paragrafen regulerer kravene til faglig og pedagogisk kompetanse for ansettelse av lærere i programfagene i yrkesfag i den videregående skolen.
Første ledd bokstav a til e lister opp ulike utdanningsbakgrunner som kvalifiserer for ansettelse i programfagene i yrkesfag.
Andre ledd tydeliggjør at kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover videregående skolenivå i første ledd bokstav d er oppfylt for de som har fått godkjent slik utdanning på grunnlag av realkompetanse.
I vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring kan det gjøres unntak fra kompetansekravene i dette kapittelet dersom vilkårene i opplæringsloven § 11-9 er oppfylt.