Opplæringsforskrifta
§ 9-11 Undervegsvurdering i fag
All vurdering som blir gjord før opplæringa er avslutta, er undervegsvurdering. Undervegsvurderinga i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og ho skal tene til å fremje læring, auke kompetansen i faga og gjere opplæringa betre tilpassa den enkelte. Undervegsvurderinga kan vere munnleg, skriftleg eller begge delar.
I undervegsvurderinga i fag skal elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar
- delta i vurderinga av sitt eige arbeid og reflektere over si eiga læring og faglege utvikling
- forstå kva dei skal lære, og kva som blir venta av dei
- få vite kva dei meistrar
- få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.
Undervegsvurderinga skal brukast til å vurdere om elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 11-2.
Elevar og lærekandidatar som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal ha undervegsvurdering ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 11-10.