Opplæringsforskrifta
§ 9-12 Undervegsvurdering i orden og i oppførsel
Undervegsvurdering i orden og i oppførsel skal givast jamleg og skal tene til å fremje sosial læring ved at elevane
- får rettleiing om kva som er god orden og oppførsel
- får vite om ordenen og oppførselen deira er i tråd med skolereglane
- reflekterer over sin eigen orden og oppførsel og korleis dei kan utvikle seg.