Opplæringsforskrifta
§ 9-30 Talet på eksamenar på studieførebuande utdanningsprogram
På vidaregåande trinn 1 på studieførebuande utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 2 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 3 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
- På programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi skal elevane normalt trekkjast ut til to skriftlege eksamenar og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.
- På utdanningsprogram for musikk, dans og drama skal elevane trekkjast ut til to eksamenar, og éin munnleg-praktisk eksamen innanfor sitt eige programområde.
- På andre studieførebuande utdanningsprogram og programområde skal elevane trekkjast ut til tre eksamenar. Minst éin av desse skal vere i eit fag frå deira eige programområde.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 5‑4 andre ledd, og er ny. Trekkordningen har tidligere vært regulert i rundskrivet Udir‑2‑2018.
I tredje ledd står det at alle elever på studieforberedende utdanningsprogram skal ha eksamen i sitt hovedmål. Med hovedmål mener vi norsk hovedmål eller samisk som førstespråk. Dette følger også av læreplanen i faget. I tillegg gjelder det ulike eksamenskrav til ulike utdanningsprogram og programområder på videregående trinn 3, som kommer frem av punkt a til c.
Ordlyden «normalt» i punkt a viser til at dette er hovedregelen. Det er imidlertid i enkelte programområder mulig å velge en fordypning som gjør det umulig å oppfylle kravet til antallet skriftlige eksamener. I disse tilfellene kan skriftlige eksamener erstattes med muntlige eller muntlig-praktiske eksamener.
Med «andre studieførebuande utdanningsprogram og programområde» i bokstav c menes idrettsfag, medier og kommunikasjon og kunst, design og arkitektur.