Opplæringsforskrifta
§ 9-33 Sensur av eksamenssvar
Alle eksamenssvar skal vurderast av to sensorar.
Ved sentralt gitt eksamen skal begge sensorane vere eksterne. Dersom sensorane ikkje blir samde, skal ein oppmann eller ei oppkvinne avgjere karakteren.
Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Faglæraren skal vere sensor om kommunen eller fylkeskommunen ønskjer det. Dersom sensorane ikkje blir samde, skal den eksterne sensoren avgjere karakteren. På munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal ein av sensorane vere eksaminator og ha hovudansvaret for å gi oppgåver og stille spørsmål til kandidaten. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at sensor har tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.