Opplæringsforskrifta
§ 9-42 Annullering av eksamen på grunn av juks eller forsøk på juks
Rektor sjølv skal annullere eksamenen til ein elev dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at eleven har juksa eller forsøkt å jukse. For elevar som får ein eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren i det aktuelle faget bort.
Fylkeskommunen skal annullere eksamen for privatistar eller dei som har læretid i bedrift dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at dei har juksa eller forsøkt å jukse.
Dei som har blitt tatt i å jukse eller forsøkje å jukse, har rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen.
Den det gjeld skal få uttale seg om saka før det blir avgjort om eksamen skal annullerast.
Dei som har fått ein eksamen i vidaregåande opplæring annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan gå opp til eksamen på nytt tidlegast eitt år etter at eksamenen blei annullert.