Opplæringsforskrifta
§ 9-45 Ansvar for å utferde vitnemål i grunnskolen
Skolen der eleven fullfører opplæringa, skal utferde vitnemål.
Elevar som har fått tilrettelagt tilbod på ein særskild skole, og elevar som har fått opplæring i fengsel, skal få vitnemål frå ein naboskole eller skolen på heimstaden dersom dei eller foreldra ber om det. Bustadkommunen til elevane skal opplyse om denne retten.
Dokumentasjon skal utferdast på skjema fastsette av Utdanningsdirektoratet.
Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det utferdast ny dokumentasjon som er så identisk som mogleg, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast. Det same gjeld i tilfelle der ny dokumentasjon må utferdast etter lov om endring av juridisk kjønn § 2.