Opplæringsforskrifta
§ 9-48 Fag- og sveinebrev og praksisbrev i vidaregåande opplæring
Fag- og sveinebrev skal givast som dokumentasjon på bestått fag- og sveineprøve i vidaregåande opplæring. Praksisbrev skal givast som dokumentasjon på bestått praksisbrevprøve.
Det er berre dei som har bestått alle relevante fag og eksamenar, som kan få fag- og sveinebrev og praksisbrev. Dette kravet gjeld likevel ikkje for
- dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9
- dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23
- dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-50
- dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 og § 9-40.
Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb treng ikkje fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 5‑4 andre ledd og viderefører § 3‑41 i den tidligere forskriften.
Fjerde ledd angir at praksiskandidater og kandidater for fagbrev på jobb er unntatt kravet om fellesfag. Praksiskandidatordningen er en dokumentasjonsordning og ikke en opplæringsordning. Praksiskandidaten må derfor ikke vise til kompetanse i fellesfag for å få utstedt fag- eller svennebrev.