Opplæringsforskrifta
§ 9-50 Særskilde reglar om dokumentasjon for privatistar i yrkesfaglege utdanningsprogram
Privatistar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram og har minst fem års allsidig yrkespraksis eller opplæring, er fritatt frå kravet om at ein må ha fellesfag for å få vitnemål som gir yrkeskompetanse. Eventuell opplæring i fag på utdanningsprogramma er inkludert i dei fem åra.