Opplæringsforskrifta
§ 9-56 Oppmelding til fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva
Lærebedrifta skal melde opp ein som har læretid i bedrift til fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Skolen skal melde opp elevar til fag- eller sveineprøva.
Oppmeldinga av dei som har læretid i bedrift skal sendast til den fylkeskommunen der kontrakten om opplæring er godkjend, seinast innan to månader før kontraktstida er ute. Oppmeldinga av elevar skal sendast til fylkeskommunen der skolen ligg.
Praksiskandidatar må sjølve melde seg opp til fag- eller sveineprøva til fylkeskommunen innan den fristen som fylkeskommunen fastset. Praksiskandidatane skal betale ei prøveavgift til fylkeskommunen. Prøveavgifta blir fastsett ved dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget. Dei skal ikkje betale for utsett og ny prøve.