Opplæringsforskrifta
§ 9-59 Oppnemning av prøvenemnda for fag- og sveineprøva
Fylkeskommunen skal nemne opp éi eller fleire prøvenemnder for fag- og sveineprøva, etter framlegg frå yrkesopplæringsnemnda.
Fylkeskommunen skal sjå til at prøvenemnda har den kompetansen som trengst. Prøvenemnda skal ha minst to medlemmer med formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet. Så langt det er mogleg, skal dei også ha oppdatert arbeidslivserfaring i faget.
Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet.
Medlemmene skal som hovudregel ikkje vere knytte til lærebedrifta eller skolen der kandidatane har fått opplæring.