Opplæringsforskrifta
§ 9-61 Gjennomføring av fag- og sveineprøva
Prøva skal starte med eit møte mellom kandidaten og heile prøvenemnda. I møtet skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten og sørgje for at kandidaten har forstått oppgåva. Møtet skal normalt haldast på prøvestaden, men kan gjennomførast digitalt dersom prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen og kandidaten finn at det er forsvarleg.
Prøvenemnda skal vurdere arbeidet til kandidaten undervegs. Heile prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøveslutt.
Prøvenemnda og kandidaten skal ved behov ha ein oppsummerande samtale til slutt for å avklare spørsmål som har oppstått under prøva. Både kandidaten og prøvenemnda kan be om ein slik samtale. Samtalen skal dreie seg om den gjennomførte oppgåva.
Prøvenemnda skal føre protokoll over gjennomføringa av prøva undervegs. Fylkeskommunen skal sørgje for tilsyn med at heile prøva blir halden i tråd med reglane.