Opplæringsforskrifta
§ 9-63 Vurdering av fag- og sveineprøva
Prøvenemnda skal vurdere kompetansen kandidaten har vist gjennom fag- eller sveineprøva, og setje karakter.
Karakteren skal vere eit uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i læreplanen i faget.
Dersom det er usemje i prøvenemnda om karakteren og røystetala for ulike karakterar står likt, fastset fylkeskommunen kven av medlemmene som avgjer karakteren.