Opplæringsforskrifta
§ 9-67 Utsett fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve
Dei som har opplæring i bedrift, elevar og praksiskandidatar som har dokumentert fråvær ved fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva, har rett til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart som mogleg.
Kandidatane må leggje fram dokumentasjon på at dei var hindra frå å møte til prøva, at hindringa ikkje kunne føreseiast, og at dei ikkje kan lastast for hindringa.
Kandidatar som ikkje består utsett prøve, har rett til ei ny prøve etter § 9-66.
Praksiskandidatar må sjølve melde seg opp til utsett fag- eller sveineprøve.