Opplæringslova
§ 2-1 Rett til grunnskoleopplæring
Barn har rett til offentleg grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet.
Retten til grunnskoleopplæring gjeld dersom barnet truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan tre månader etter at barnet er komme til Noreg. Dersom det er nødvendig fordi det kjem svært mange fordrivne barn frå Ukraina, kan departementet gi forskrift om mellombels forlenging av tremånadersfristen. Barn som kjem til Noreg, skal plasserast på det trinnet som passar med alderen. Kommunen kan gjere unntak der ei konkret vurdering viser at barnet bør plasserast på eit lågare trinn.
Endra ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1212). Vert endra ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2026).
Forarbeid til loven
Det er gjort midlertidige endringer i paragrafen som er omtalt i Prop. 72 L (2023-2024).
I andre punktum utvides den absolutte fristen for å gi barn og unge et fullverdig opplæringstilbud i grunnskolen midlertidig fra en måned til tre måneder.
Opplæringen skal fortsatt starte så raskt som mulig. Det er ikke slik at kommunene har tre måneder på seg for å gi nyankomne barn opplæring; det er viktig å komme i gang med den opplæringen man kan, så raskt som mulig. Regelen innebærer likevel at kommuner som ikke klarer å gi et fullverdig tilbud til barna selv om det går opptil tre måneder, ikke bryter loven.
I perioden frem til et fullverdig tilbud er på plass, kan kommunen gi et tilbud som avviker fra tilbudet kommunen ellers er forpliktet til å gi etter opplæringsloven. Ettersom hovedregelen fortsatt er at barna skal få opplæring så raskt som mulig, åpnes det ikke for at kommuner kan utsette å gi opplæring lenger enn nødvendig. Jo lengre tid som går, jo større deler av opplæringen bør være på plass. Kommuner som klarer å gi et fullverdig tilbud til alle eller noen av barna etter én måned, skal fortsatt gi det.
Fristen senest innen tre måneder løper fra den dagen barnet kommer til landet, og starter ikke på nytt dersom barnet flytter mellom kommuner, for eksempel fra asylmottak, omsorgssenter eller annet midlertidig bosted, til den kommunen de blir bosatt i. En kommune kan altså ikke unnlate å gi opplæring fordi det er sannsynlig at et barn skal være i den aktuelle kommunen i mindre enn tre måneder.
Etter tredje punktum kan departementet gi midlertidig forskrift om forlengelse av tremånedersfristen dersom det er nødvendig fordi det kommer svært mange fordrevne barn fra Ukraina. Terskelen for bruk av forskriftshjemmelen skal være høy. Tremånedersfristen skal ta høyde for et høyt antall fordrevne, og det vil derfor bare være aktuelt å benytte forskriftshjemmelen i helt ekstraordinære situasjoner. Regelen om at opplæringen skal starte så raskt som mulig, vil fortsatt gjelde. Det betyr at kommunene må gi elevene et fullverdig opplæringstilbud så raskt som mulig, uavhengig av om den absolutte fristen forlenges ved forskrift.
Endringene opphører 01.07.2026, se Lovvedtak 95 (2023-2024).
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-1 og er omtalt i punkt 9, sjå særleg punkt 9.5.2., i Prop. 57 L (2022–2023).
Retten etter første ledd gjeld uavhengig av statsborgarskap og uavhengig av om barnet eller foreldra har lovleg opphald i Noreg. Retten varer til eleven har avslutta det 10. trinnet. Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, jf. § 28-1.
Fråvær som elevane eller foreldra er skuld i, avkortar retten til grunnskoleopplæring tilsvarande. Det same gjeld anna kortare fråvær, til dømes ved permisjon og sjukefråvær. I samband med meir langvarig sjukdom kan kommunane likevel vere forplikta til å gi opplæring ein annan stad enn på skolen, til dømes i heimen til eleven.
Ein kommune kan la ein elev få ekstra grunnskoleopplæring dersom det i det enkelte tilfelle verkar tenleg. Kommunen må tilby slik opplæring før eleven har fått utferda vitnemål frå grunnskolen, for at resultata frå den ekstra opplæringa skal kunne førast på grunnskolevitnemålet til eleven. Meir grunnskoleopplæring etter § 9-7 kan likevel gi anledning til å forbetre grunnskolevitnemålet.
Andre ledd første og andre punktum presiserer at retten gjeld frå det tidspunktet det er «truleg» at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. For dei aller fleste barna som søkjer om opphaldsløyve, vil det vere klart frå første dag at barnet sannsynlegvis skal opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader. Opplæringa skal derfor givast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad etter at barnet har komme til Noreg.
Kravet om «så raskt som mogleg» inneber at kommunane ikkje skal utsetje opplæringa lenger enn nødvendig, sjølv om dei er innanfor fristen på éin månad. Kravet inneber også at kommunar som klarer å gi barn opplæring frå første dag etter at barna har komme til Noreg, skal gi eit tilbod frå dette tidspunktet. Ein kommune som veit eller går ut frå at det kjem nye barn i grunnskolealder til kommunen, må leggje til rette for at desse barna skal få starte på skolen med ein gong. At opplæringa skal starte så raskt som mogleg, betyr også at kommunane må starte opplæringa av barna sjølv om kommunane ikkje greier å gi eit fullverdig opplæringstilbod i tråd med opplæringslova med ein gong. Kommunane må då setje i gang med dei delane av opplæringa som dei har kapasitet til, til dømes opplæring i nokre utvalde fag. Kommunane må likevel gi eit fullverdig opplæringstilbod i tråd med lova seinast innan éin månad.
Kravet om at opplæringa skal komme i gang så raskt som mogleg, gjeld sjølv om barnet skal opphalde seg i den aktuelle kommunen i under éin månad. Fristen startar ikkje på nytt dersom eit barn flyttar mellom kommunar. Sjå elles merknaden til § 2-1 i Prop.79 L (2016–2017).
Andre ledd tredje punktum fastlegg at eit barn som kjem til Noreg skal plasserast på det trinnet som passer med alderen.
Andre ledd fjerde punktum opnar for at barn i unntakstilfelle også kan plasserast på eit lågare trinn. I vurderinga er det mellom anna relevant å leggje vekt på kva slags opplæring barnet har fått før det kom til Noreg. Det skal også leggjast vekt på moglegheita barnet har til å oppnå sosial tilhøyrsel. Kommunane har inga plikt til å plassere barnet på eit lågare trinn. Dersom kommunane meiner at barnet bør plasserast på eit lågare trinn, bør foreldra og eleven blir involverte i avgjerda på ein god måte. For vurderingar av om eit barn skal plasserast på eit høgare trinn, gjeld § 2-2 tredje ledd om fritak for delar av opplæringa.