Opplæringslova
§ 2-2 Plikt til grunnskoleopplæring
Barn har plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Grunnskoleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skole, ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova, eller gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. § 22-5.
Barn har plikt til grunnskoleopplæring når dei har vore i Noreg i tre månader. Plikta fell bort når barnet oppheld seg utanlands i tre månader.
Kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det, foreldra samtykkjer og det ligg føre ei sakkunnig vurdering. Elevar som har fått fritak frå opplæringsplikta, mister ikkje retten til opplæringa dei har fått fritak frå.
Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.
Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.
Forarbeid til loven
Paragrafen fører delvis vidare dagens lov § 2-11 og § 2-1 og er omtalt i punkt 9, sjå særleg punkt 9.5.3 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum slår fast at barn har plikt til grunnskoleopplæring.
Første ledd andre punktum gir ei uttømmande skildring av korleis plikta til grunnskoleopplæring kan oppfyllast. Plikta kan oppfyllast ved ein offentleg skole, ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova. Plikta kan også oppfyllast i form av privat grunnskoleopplæring i heimen utført av foreldre etter § 22-5. Dersom privatpersonar underviser barna til andre, krev dette godkjenning etter § 22-1.
Andre ledd første punktum seier at plikta til grunnskoleopplæring tek til å gjelde når barnet har vore i Noreg i tre månader.
Etter andre punktum stansar plikta til grunnskoleopplæring ved lengre utanlandsopphald, spesifisert til opphald utover tre månader. Opplæringsplikta fell bort ved avreisedatoen dersom foreldra melder frå til skolen eller kommunane om at barnet skal reise ut av landet, og at utanlandsopphaldet skal vare over tre månader. Opplæringsplikta fell alltid bort når utanlandsopphaldet har vart over tre månader, uavhengig av om foreldra har gitt melding på førehand. Det er lengda på utanlandsopphaldet som er avgjerande. Regelen gjeld uavhengig av årsaka til utanlandsopphaldet, til dømes om barnet er saman med foreldra sine eller ikkje, om barnet oppheld seg utanfor Noreg mot eigen vilje, eller om opphaldet kjem av behandling som følgje av sjukdom. Tremånadersregelen gjeld uavhengig av den fastsette skoleruta (skoledagar og feriedagar og andre fridagar). Sjå elles punkt 7.5 i Prop.72 L (2015–2016).
Tredje ledd første punktum opnar for at eit barn kan fritakast frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det. Fritaket kan gjelde heilt eller delvis, til dømes ved at ein elev får fritak frå delar av skoleveka eller frå eitt eller fleire av skoleåra. Det første dømet kan vere aktuelt der eleven er sjuk, eller der eleven av andre grunnar ikkje er i stand til å ha opplæring kvar dag eller heile skoledagar. Terskelen for fritak er høg og er først og fremst aktuelt der gjennomføringa av opplæringsplikta vil verke urimeleg overfor eleven fordi eleven er alvorleg sjuk eller har monaleg nedsett funksjonsevne og ikkje er i stand til å få opplæring i heimen eller på helseinstitusjon.
Omsynet til eleven kan også tilseie fritak slik at elevar med stort læringspotensial kan «hoppe over» trinn, det vil seie at eleven kan gjennomføre grunnskolen på kortare tid enn ti år. For vurdering av tidleg skolestart (det året barnet fyller fem år) gjeld § 2-4 andre ledd. Vidare kan det vere aktuelt å vurdere fritak frå opplæringsplikta når det er klart at eit barn skal opphalde seg i Noreg kort tid utover tre månader, slik at opplæringsperioda blir kort.
Fritak frå opplæringsplikta føreset søknad frå foreldra, eventuelt at dei samtykkjer. Skolen skal informere eleven og foreldra om konsekvensane ved fritak.
Same kva som er årsaka til at det er aktuelt å vurdere om eleven skal fritakast frå opplæringsplikta, er det eit vilkår at omsynet til eleven tilseier det.
Det skal også liggje ei sakkunnig vurdering føre frå pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta). Det skal også vere mogleg for eleven å få seie si meining, sjå §§ 10-1 og 10-2.
Vurderinga av om vilkåra for fritak er til stades kan bli overprøvd. Den konkrete, skjønnsmessige vurderinga av om ein elev skal få fritak, er opp til kommunane og er eit forvaltningsskjønn som domstolen og tilsynsmakta ikkje kan overprøve.
Tredje ledd andre punktum presiserer at fritak ikkje inneber at eleven mistar retten til opplæringa dei har fått fritak frå.
Fjerde ledd første punktum opnar for permisjon frå grunnskoleopplæringa. Regelen set ikkje noka grense for kor lenge og kor ofte eleven kan få permisjon. Kravet om at kvar enkelt permisjon skal vere forsvarleg, vil likevel setje ei grense for kor mange og kor lange permisjonar kvar enkelt elev kan få. Kva som er forsvarleg, må vurderast individuelt og må gjerast med grunnlag i fagleg-pedagogisk kunnskap og erfaring. I forsvarlegvurderinga kan det vere relevant å leggje vekt på om foreldra vil sørgje for at eleven får den opplæringa som må til for å kunne følgje med i undervisninga på skolen etter permisjonen. Vurderinga av om ein elev skal få permisjon, er opp til kommunane og er ei skjønnsmessig vurdering. Dette er eit forvaltningsskjønn som domstolen og tilsynsmakta ikkje kan overprøve.
Ein permisjon avkortar retten for eleven til grunnskoleopplæring tilsvarande.
Fjerde ledd andre punktum slår fast at kommunane skal gi reglar for eigen permisjonspraksis i forskrift. Forskrifta skal kunngjerast i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c.
Femte ledd gjeld rett til permisjon frå grunnskoleopplæring for elevar som ikkje er medlem av Den norske kyrkja. Retten til permisjon etter denne regelen er absolutt, og det skal ikkje vurderast om det er forsvarleg eller ikkje å gi permisjon. Elevane har rett til permisjon på alle heilagdagane innanfor det trussamfunnet dei tilhøyrer. Det er ikkje eit krav at eleven er medlem av eit anna trussamfunn. Det er nok at det ligg føre ei viss tilknyting til eit anna trussamfunn, til dømes at eleven ønskjer å feire heilagdagen saman med nær familie som er medlem av dette trussamfunnet. Feiring av nasjonale høgtidsdagar og liknande blir ikkje omfatta av denne regelen. Retten til permisjon føreset at foreldra sørgjer for at eleven får den opplæringa som må til for å kunne følgje med i undervisninga på skolen etter permisjonen. Kva krav kommunane skal stille til opplæringa i permisjonstida, må vurderast ut frå kva som er nødvendig for den enkelte eleven.
Ein permisjon avkortar retten til grunnskoleopplæring tilsvarande.