Opplæringslova
§ 2-3 Innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa
Opplæringa i grunnskolen skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, jf. §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 første og andre ledd.
Elevane har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Elevane på 1. til 7. trinn skal ha individuell vurdering utan karakterar. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon. Departementet kan gi forskrift om at mangel på vurderingsgrunnlag kan føre til tap av rett til individuell vurdering med karakter i faget.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-3 og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2 og 11.5.3 i Prop. 57 L (2022–2023).
Det følgjer av første ledd at opplæringa i grunnskolen skal vere i samsvar med og måla og prinsippa for opplæringa og fag- og timefordelinga. Det er vist til forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa og forskrift om læreplanar i fag for å gjere tydeleg at det i all hovudsak er desse forskriftene som regulerer innhaldet i opplæringa. Det er også vist til forskrift om fag- og timefordelinga som regulerer omfanget av opplæringa. Elevar som byter skole, skal følgje fag- og timefordelinga ved den nye skolen. At opplæringa skal vere i samsvar med fag- og timefordelinga inneber ikkje at elever som har hatt fråvær for opplæringa har ein rett til å ta igjen dei aktuelle timane. Forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa, læreplanane i fag og fag- og timefordelinga utgjer det som i dag blir kalla «Læreplanverket for Kunnskapsløftet».
Opplæringa skal vere eigna til å nå dei måla og prinsippa som forskriftene fastset. Vurderinga av om opplæringa er i samsvar med læreplanar i fag eller læreplanverket samla sett, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn, samtidig som fleire av vurderingane må gjerast ut frå pedagogisk-fagleg kunnskap og erfaring.
Ei «individuell vurdering» etter andre ledd første punktum kan omfatte både undervegsvurderingar og sluttvurderingar. Døme på sluttvurderingar kan vere standpunktkarakter og eksamen. Det er kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til individuell vurdering og dokumentasjon, jf. § 28-1.
Det følgjer av andre ledd andre punktum at elevar på barnetrinnet skal få individuell vurdering utan talkarakterar. Elevane på barnetrinnet har likevel rett til å få vite kvar dei står ut frå kompetansemåla i faga.
Andre ledd tredje punktum slår fast at departementet skal fastsetje forskrift om kva for nokre individuelle vurderingar og kva slags dokumentasjon av opplæringa elevane har rett til etter andre ledd første punktum. Det følgjer likevel av andre ledd andre punktum at departementet ikkje kan fastsetje i forskrift at elevar på barnetrinnet skal ha vurdering med karakter. Eit døme på dokumentasjon er vitnemål, men regelen opnar også for at departementet fastset andre former for dokumentasjon.
Det er opna for at departementet fastset forskrift om både karakterar og andre vurderingsformer, inkludert forskrift om når det ikkje er grunnlag for å gi vurdering med karakter. Departementet kan også gi forskrift om fritak frå vurdering med karakter på 8. til 10. trinn.
Departementet skal også fastsetje forskrift om klage på vurdering. Departementet kan gi forskrift om kven som er klageinstans for enkeltvedtak om individuell vurdering, sjå § 29-1 tredje ledd.
Departementet kan etter andre ledd fjerde punktum gi forskrift om tap av retten til individuell vurdering med karakter når det ikkje er grunnlag for å gi slik vurdering.