Opplæringslova
§ 2-4 Utsett og tidleg skolestart
Kommunen skal la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller sju år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og det etter ei sakkunnig vurdering er tvil om at barnet er komme langt nok i utviklinga si til at det bør byrje på skolen det året barnet fyller seks år.
Kommunen kan la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller fem år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 2-1 og er omtalt i punkt 9, sjå særleg punkt 9.5.6 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd regulerer utsett skolestart. Regelen opnar ikkje for at skolestarten kan utsetjast med meir enn eitt år. Dersom skolestarten skal utsetjast ytterlegare, må eleven fritakast frå opplæringsplikta etter § 2-2 tredje ledd.
Andre ledd regulerer tidleg skolestart. Tidlegare skolestart er først og fremst aktuelt der det er klart at barnet har faglege og sosiale føresetnader for å byrje på skolen, og at det vil hindre utviklinga til barnet å vente med å byrje på skolen til barnet er seks år.
Tidleg skolestart kan innvilgast same når på året barnet er fødd. Det er likevel slik at det i praksis vil vere mest aktuelt med tidleg skolestart for barn fødde tidleg på året gitt at ein viktig del av vurderingstemaet er kor modent barnet er fagleg og sosialt. Gjennomgåande vil det vere slik at desto seinare på året barnet er fødd, desto mindre sannsynleg er det at det vil vere til det beste for barnet å starte tidlegare på skolen.
Utsett og tidleg skolestart føreset søknad frå foreldra, eventuelt at dei samtykkjer dersom kommunen tek initiativ til slike vedtak.