Opplæringslova
§ 2-5 Gratis grunnskoleopplæring
Grunnskoleopplæring skal vere gratis. Kommunen skal ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter knytte til grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald eller andre skoleturar.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 2-15 og er omtalt i punkt 9 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første punktum inneber at kommunen må sørgje for at grunnskoleopplæringa er gratis – det såkalla gratisprinsippet. Paragrafen gjeld offentleg grunnskoleopplæring.
Andre punktum presiserer at kommunane ikkje kan krevje at verken elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med denne opplæringa. Det er ikkje fastsett nokon avgrensingar, noko som betyr at alle delar av grunnskoleopplæringa skal vere gratis, til dømes aktivitetar som finn stad etter vanleg skoletid, når desse aktivitetane er ein del av opplæringa.
Døma som blir ramsa opp i andre punktum, er ikkje uttømmande. Med «undervisningsmateriell» meiner ein mellom anna lærebøker og andre læremiddel, til dømes ordlister, skrive- og teiknesaker, linjal, passar, kalkulator, nettbrett og PC. Med «transport i skoletida» blir det til dømes sikta til transport mellom skolen og symjehallen eller mellom skolen og biblioteket. Vidare blir det nemnt leirskoleopphald, der kommunane må dekkje alle utgifter, til dømes til transport og opphald. Tilsvarande gjeld ved andre turar med overnatting, også der skolen tek elevane med til utlandet. Til slutt blir ekskursjonar og andre turar nemnde som døme. Også her må kommunane dekkje alle utgifter, til dømes til togtransport, billettar til ei teaterframsyning eller heiskort i samband med ein skitur.
Paragrafen er ikkje til hinder for at kommunen, inkludert skolen, tek imot gåver. Det er ein føresetnad at eventuelle gåver er reelt frivillige og anonymiserte, og elevane skal kunne delta på aktiviteten uavhengig av om dei eller foreldra har gitt ei gåve eller ikkje. Sjå elles kapittel 2.4.2 i Ot.prp.nr.94 (2001–2002) og kapittel 2.3 i Innst.O.nr.43 (2002–2003).
Paragrafen omfattar ikkje aktivitetar som foreldra arrangerer når elevane har fri. Dette er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa.
Skyss frå heimen til eleven og til skolen blir ikkje omfatta av paragrafen, sjå § 4-1 og følgjande paragrafar. Den gjeld heller ikkje for leksehjelpa og skolefritidsordninga, sjå §§ 4-4 og 4-5.
Paragrafen er ikkje til hinder for at elevar og foreldre kan bli erstatningsansvarlege etter skadeserstatningslova §§ 1-1 og 1-2.