Opplæringslova
§ 2-6 Kva grunnskole eleven skal gå på
Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva skole som ligg nærast heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag skal få gå på same skole.
Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av § 8-1 og er omtalt i punkt 12 i Prop. 57 L (2022–2023).
Det følgjer av første ledd første punktum at elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. I ordet «nærmiljø» ligg ikkje berre avstand, men også tilknyting. Regelen inneber at barn som bur i det same området, skal få gå saman på skolen, og at denne skolen skal vere ein skole i det som er det naturlege nærmiljøet til barna.
Første ledd andre punktum vidarefører at kommunane kan gi forskrift om skolekrinsar. Fastsetjinga av forskrifta må skje innanfor rammene av retten elevane har til å gå på ein skole i nærmiljøet etter første punktum og kriteria i tredje og fjerde punktum. Kommunane kan til dømes bestemme at alle i ei gate eller i eit bustadfelt skal høyre til same skolekrins. Etter kommunelova § 17-1 kan to eller fleire kommunar avtale interkommunalt samarbeid. Det inneber at kommunar kan fastsetje forskrifter om felles skolekrins mellom to eller fleire nabokommunar. Kravet i forvaltningslova § 38 første ledd bokstav c om at forskrifter skal kunngjerast i Norsk Lovtidend gjeld.
Tredje og fjerde punktum fastset kva kommunane skal og kan leggje vekt på når dei fordeler skoleplassane. Kommunen kan tildele skoleplass anten ved fastsetjing av forskrift om skolekrinsar, eller ved enkeltvedtak om kva skole eleven skal gå på. Dei kommunane som ikkje har forskrift, må derfor gjere enkeltvedtak om kva skole eleven skal gå på. Krava gjeld uavhengig av om tildelinga av skoleplass skjer gjennom ei forskrift om skolekrinsar eller ved enkeltvedtak om skoleplass for kvar enkelt elev. Kommunane skal fordele elevane mellom dei tilgjengelege skolane med utgangspunkt i den fysiske avstanden mellom bustadadressa til barnet og skolen.
Kommunane kan også leggje vekt på dei andre forholda som er nemnde. Korleis heimane er fordelte på nabolag eller ut frå naturlege forhold som elvar og fjell, kan tilseie at den skolen som reint faktisk ligg nærast heimen, ikkje alltid vil vere den skolen eleven har rett til å gå på. Tryggleiken til barna på skolevegen kan også vere avgjerande ved vurderinga av korleis elevane skal fordelast på dei ulike skolane, og følgjeleg kva skole ein elev har rett til å gå på. I tillegg kan kapasiteten på skolane kunne få vekt i den totale vurderinga. Formuleringa «nabolag» er meint å dekkje hus eller gardar som ligg meir eller mindre samla. Det er ei mindre eining enn ein skolekrins.
Omsynet til søsken eller andre individuelle forhold kan takast med i vurderinga av kva skole ein elev har rett til å gå på. Sosial utjamning kan også takast omsyn til ved fastsetjing av skolekrins, så framt dei andre momenta i paragrafen også blir varetatt.
Kommunane kan i ei eventuell forskrift om skolekrinsar opne for unntak frå skolekrinsane dersom skolen i krinsen ikkje har ledig kapasitet. Unntaksmoglegheita tek høgd for at det kan komme eit uventa høgt tal elevar flyttande til eit område, og at det kan føre til at ein skole ikkje har kapasitet til å ta imot alle elevane som soknar til skolen etter den kommunale forskrifta om skolekrinsar. Dersom ein skole ikkje har plass til ein elev fordi skolen er full, skal kommunen gjere enkeltvedtak om kva skole eleven tilhøyrer. Foreldra har rett til å uttale seg før kommunen gjer vedtak, og kan i samband med dette komme med eit ønske om kva skole barnet skal få plass på. Dersom tildeling av skoleplassar skjer gjennom enkeltvedtak om skoleplass for kvar enkelt elev, kan kommunen leggje vekt på kapasiteten til skolane når kommunen gjer vedtaket.
Fylkeskommunen har i visse tilfelle plikt til å tilby undervisning i institusjon, jf. §§ 28-3 til 28-5. Nærskoleprinsippet er ikkje til hinder for dette.
Andre ledd vidarefører regelen om at kommunane kan innvilge plass for ein elev på ein annan skole enn den eleven soknar til, dersom foreldra søkjer om det. Dersom kommunane har ei forskrift om skolekrinsar, bør kommunane fastsetje kriteria for å plasserast på ein annan skole i forskrifta. Ein vanleg situasjon er at foreldra flyttar internt i kommunen og ønskjer at eleven skal kunne halde fram på den skolen eleven gjekk på før flyttinga.
Vedtak om å innvilge eleven plass på ein annan skole enn den eleven soknar til, kan ikkje setje til side retten andre elevar har til å gå på ein skole i nærmiljøet. Avgjerda til kommunen om plass på ein skole utanfor skolekrinsen etter den kommunale forskrifta er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Kommunane må behandle desse søknadene etter dei alminnelege forvaltningsrettslege reglane, som mellom anna vernar mot usakleg forskjellsbehandling. Kommunen kan stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss ved eventuell innvilging av søknaden. Det er ikkje mogleg å stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss dersom grunnen for å byte skole er å sikre retten til opplæring.