Opplæringslova
§ 2-7 Straffansvar for brot på opplæringsplikta
Foreldre og andre som har dagleg omsorg for eit barn, kan straffast med bot dersom dei forsettleg eller aktlaust handlar slik at barnet er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa utan å ha rett til det.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 2-1 femte ledd og er omtalt i punkt 9 i Prop. 57 L (2022–2023).
Kva dagar eleven er forplikta til å møte på skolen, fastset kommunane i forskrift, jf. § 14-1 andre ledd. Foreldra kan ikkje straffast for fråvær frå skolen som er lovleg, til dømes når eleven har fått permisjon etter § 2-2 fjerde eller femte ledd.
Paragrafen omfattar både dei tilfella der foreldra aktivt held barna borte frå opplæringa, og der fråværet kjem av at foreldra er passive. Foreldra kan likevel ikkje straffast dersom årsaka til fråværet ikkje kjem av manglande aktivitet frå foreldra, men andre utanforliggjande forhold, til dømes sjukdom. Dersom det er tale om langvarig eller hyppig sjukdomsfråvær, kan kommunane påleggje foreldra å dokumentere fråværsårsaka. Foreldra kan heller ikkje straffast dersom foreldra har vore uvitande om fråværet og dette ikkje kan reknast som aktlaust.
Likestilt med foreldra er «andre som har dagleg omsorg for eit barn». Andre som har den daglege omsorga, kan til dømes vere fosterforeldre. Dersom foreldra til eleven ikkje bur saman, er det den av foreldra som har den daglege omsorga dei aktuelle skoledagane, som regelen først og fremst rettar seg mot.
Sjå elles Ot.prp.nr.46 (1997–1998), kapittel 7.1.1.